Bodil

 

Eg, Bodil, vaks opp med pointer. Men min første hund vart golden retrieveren Felix. Vi starte i Norske Redningshunder i 2011 og vart godkjende som både ettersøkning-, lavine- og katastrofesøksekvipasje i løpet av 2014/15. Etter 10 år med undervisning og trening av pasientar på sjukehuset i Kristiansand vart det i 2016/17 eit år med hund på heiltid ved Fjellanger Hundesenter. Praktikantstilling og fagutdanning har gitt mykje erfaring både i teori og praksis, når det gjeld både trening av hund og instruksjon av eigarar! I tillegg til denne instruktørutdanninga vart eg også autorisert instruktør i Smeller. I løpet av året kom også jaktspringeren Iii inn i flokken, og vi har no så smått starta med agility og debuterte i konkurranse i jan 2019.

Når vi no har starta Happy Hundesenter er samarbeid og mestring sentrale ord for meg. Eg håpar å bidra til at både hund og førar går heim med trua på seg sjølv og lyst til å jobbe saman. Og ikkje minst at du som eigar/trenar/førar har fått innspel og verktøy, og ei forståing av kvifor og korleis dei kan brukast også i andre situasjonar!

Back to top